Friday, April 24, 2009

Velkomen til Valle


I desse ukane har vi dialektlære i norsken. Det utvalde målet er Valledialekta, som i og for seg er ganske uforståeleg. Eg vil byrje med å presentere nokre kjenneteikn på Vallemålet.

  • e-infinitiv - heve
  • Tungespiss-r
  • Ll-->dd - stappfudde
  • Hv-->kv - kvendagsmaten
  • Bygda-->bygdo, bygdå
  • Personlig pronomen 1. person entall - eg
  • Personlig pronomen 1. person flertall - mi
  • Sterke verb i presens - søv'e kjeme
  • Nektingsordet - inkji
  • Høgtone
  • Bruk av dativ: frå norrøn –> eg reiser inni bilen, eg site i bilæ

Så dersom nokon skal på ferie til Valle kan dette kome godt med. Nå ein liten oversettelse eg har gjort av eit brev skreve på Vallemål. Omsetje til nynorsk sjølvsagt.

"Maten er ikkje så viktig når ein fyst er mett og har nok av det, men når ein fyst er svolten og ikkje har matbiten, då er det det viktigaste i verda. No handlar vi i handelsbuo og kjem til stappfulle hyllenr, og dei fleste tenkjer vel ikkje på kven som skaffar maten, og kva det kreve av arbeid og andre innsatsfaktora.

Men vi skal ikkje så langt tilbake i tida før einkvar måtte skaffe maten sin sjølv, i allefall på bygda. Då var hausten avgjerande for den lange vinteren. Kvardagsmaten var brød og graut, graut og brød. Men til jul, da hadde vi noko godt og spesielt. Og då var mange som reiste til fjellet etter julefisk, dei som ikkje da hadde vore på sjøen og fanga han.

Julefisken burde helst vere stor og raud og kome frå høgfjellet. Før jul har folk god tid, og då kunne dei vere borte nokre dage. Husa var kalde og dagane var korte, så ein måtte kle seg godt og ta med seg ullteppe og skinnfell eller sengeteppe om natta. Med skinnet frå elden flakkande på veggane, vart det fortalt mang ein historie i dei lange kveldane."



/JSS



No comments: